Oppgåve 3
mai 9, 2007
Diskusjonsgrunnlag:
Participatory Media/Collective Action Syllabus (Rheingold, H.)
Problemstilling:
Korleis laga eit kursoppsett som er lett å ta seg fram i for alle elevar?
Min første tanke då eg såg dette kurset var at førstesida ikkje verkar særleg innbydande. Eg gjekk detaljert gjennom oppsettet, og fann at utruleg mykje informasjon hadde sitt utspring i førstesida. Oppsettet og innhaldet må vera godt planlagt før det vert gjort tilgjengeleg for studentane, og eit naturleg spørsmål i den samanhengen er kva som må vera gjennomtenkt før ei slik introduksjonsside vert publisert.
- Kva føremål skal sida tena?
- Kva informasjon skal sida gje?
- Kven er det som skal bruka sida?
Det viktigaste må vera at oppsettet er lett å ta seg fram i og at etterspurt informasjon er lett å finna. Sida har ikkje som føremål å selja. Ho skal vera eit verktøy for å få elevar til å gjennomføra eit kurs på ein tenleg måte. Mange elevar i den vidaregåande skulen er ikkje særleg glade i tekst, korkje å lesa eller å skriva. Er dette kurset laga med tanke på slike elevar eller er det laga for lese- og skriveglade elevar?
Introduksjonssida er inngangsportalen til kurset. Ho verkar litt rotete, men enkel og i hovudsak sett saman av stikkord. Det som pregar sida er at heile innhaldet er sett saman av bokmerke og hyperlenkjer, og det er dynamikken som gjer at innhaldet er langt meir omfattande enn det som er synleg her. Både lærarar og elevar har nytta denne metoden. Lenkjene går til sider som er meir presentasjonsprega eller til sider som er fullpakka av tekst. Og mange av desse sidene er skrivne av elevar. Inni tekstane er det lenkjer til andre relevante sider.
Er så dette ein arbeidsmåte som våre elevar ville teke i bruk? Det er berre ein måte å finna det ut på, det må prøvast. Programvara er gratis, det er berre å gå i gang. I første omgang kan oppsettet kopierast, seinare kan ein finna sin eigen stil. Eg tek meg sjølv i å ha lyst til å prøva dette ut snarast. Eg må finna ein eller fleire kollegaer å gjera det saman med. Kanskje dette er måten å få kollegane interesserte? Dra dei med i konkrete opplegg? Vi har delingskultur som mål, og dette er ein måte å dela på. Dette kurset er tilgjengeleg for kven som helst, og berre klassebloggane er lukka. Det fins nok lærarar som ikkje kan tenkja seg ein slik total delingskultur. Elevar eksponerer seg i mange samanhengar og nesten utan hemningar. Å vera deltakar i eit slikt kurs kan gjera at elevar vert meir merksame på eksponeringsmomentet, på godt og vondt.
mai 14, 2007 at 8:30 am
Hei!
Her tek du tak i ting som eg òg tenkte på: Kurset ser kjempekjekt ut (om enn litt svært og forvirrande), men kva med den typen elevar vi har, i yrkesfag, t.d.? Eg ser ikkje heilt for meg at det er like lett å få ut så mykje tekst som vi ser i dømet. Men kanskje går det like godt på vårt nivå også? Arbeidskrava i fagskulen er eit spennande felt i så måte ..
Synd du “miste” gruppa di, men ser at du vart inkludert i ei anna.