Oppgåve 3
mai 9, 2007
Diskusjonsgrunnlag:
Participatory Media/Collective Action Syllabus (Rheingold, H.)
Problemstilling:
Korleis laga eit kursoppsett som er lett å ta seg fram i for alle elevar?
Min første tanke då eg såg dette kurset var at førstesida ikkje verkar særleg innbydande. Eg gjekk detaljert gjennom oppsettet, og fann at utruleg mykje informasjon hadde sitt utspring i førstesida. Oppsettet og innhaldet må vera godt planlagt før det vert gjort tilgjengeleg for studentane, og eit naturleg spørsmål i den samanhengen er kva som må vera gjennomtenkt før ei slik introduksjonsside vert publisert.
- Kva føremål skal sida tena?
- Kva informasjon skal sida gje?
- Kven er det som skal bruka sida?
Det viktigaste må vera at oppsettet er lett å ta seg fram i og at etterspurt informasjon er lett å finna. Sida har ikkje som føremål å selja. Ho skal vera eit verktøy for å få elevar til å gjennomføra eit kurs på ein tenleg måte. Mange elevar i den vidaregåande skulen er ikkje særleg glade i tekst, korkje å lesa eller å skriva. Er dette kurset laga med tanke på slike elevar eller er det laga for lese- og skriveglade elevar?
Introduksjonssida er inngangsportalen til kurset. Ho verkar litt rotete, men enkel og i hovudsak sett saman av stikkord. Det som pregar sida er at heile innhaldet er sett saman av bokmerke og hyperlenkjer, og det er dynamikken som gjer at innhaldet er langt meir omfattande enn det som er synleg her. Både lærarar og elevar har nytta denne metoden. Lenkjene går til sider som er meir presentasjonsprega eller til sider som er fullpakka av tekst. Og mange av desse sidene er skrivne av elevar. Inni tekstane er det lenkjer til andre relevante sider.
Er så dette ein arbeidsmåte som våre elevar ville teke i bruk? Det er berre ein måte å finna det ut på, det må prøvast. Programvara er gratis, det er berre å gå i gang. I første omgang kan oppsettet kopierast, seinare kan ein finna sin eigen stil. Eg tek meg sjølv i å ha lyst til å prøva dette ut snarast. Eg må finna ein eller fleire kollegaer å gjera det saman med. Kanskje dette er måten å få kollegane interesserte? Dra dei med i konkrete opplegg? Vi har delingskultur som mål, og dette er ein måte å dela på. Dette kurset er tilgjengeleg for kven som helst, og berre klassebloggane er lukka. Det fins nok lærarar som ikkje kan tenkja seg ein slik total delingskultur. Elevar eksponerer seg i mange samanhengar og nesten utan hemningar. Å vera deltakar i eit slikt kurs kan gjera at elevar vert meir merksame på eksponeringsmomentet, på godt og vondt.
Oppgåve 2
mai 4, 2007
Diskusjonsgrunnlag:
Social software: E-learning beyond learning management systems (Dalsgaard 2006)
Problemstilling:
Korleis kombinera bruken av læringsplattform og sosial programvare?
På skulen vår har vi vedteke ein overordna strategi for satsinga på digital skule. Det er å ta i bruk elevane sine unike kunnskapar innan ulike delar av dataverda. Vi ser for oss at lærarane vil bli utfordra på sine faglege kvalifikasjonar når dei i større grad skal ta i bruk data i timane. Sjansen er stor for at elevane vil vera flinkare med data enn dei, noko som kan gje lærarane ei kjensle av inkompetanse. Difor har vi valt ein strategi som skal skilja mellom fagleg kompetanse og datakompetanse i timane. Løysinga blir å spela på dei dataflinke elevane slik at både lærarar og andre elevar kan læra av dei. Det skal ivareta lærarane sin faglege integritet samstundes som den samla kompetansen vert utnytta.
Når eg les Dalsgaard sin artikkel så blir eg overtydd om at vi har valt ein rett strategi, og spørsmålet blir korleis vi skal kombinera læringsplattforma som vi (til ein viss grad) har teke i bruk og dei sosiale programma. Eg godtek utan vidare at bruk av sosiale program fremjar læring, måten det skal gjerast på må verta ei pedagogisk utfordring (Dalsgaard 2006:2). Eg tek meg sjølv i å vera meir uroa for lærarane enn for elevane. Dersom elevane likar desse verktøya vil dei truleg ta dei i bruk utan ”dikkedarar” til det dei finn formålstenleg, og få med læringa som ein synergieffekt. Utfordringa vert å finna fram til enkle tilretteleggingsmåtar som enkel bruk.
I It’s Learning som er vår læringsplattform, er det lagt til rette for bruk både av blogg og ePortfolio. Om det som vert skrive skal vera synleg på internett, er eit val ein kan gjera. Det er også mogleg å organisera diskusjonar og konferansar innanfor plattforma. Eitt verktøy (prosessorientert dokument) liknar ved første blikk på sosiale program, men ved nærare ettersyn er det verktøy for kommunikasjon mellom elev og lærar. Elles er det uproblematisk å leggja til lenkjer i mapper og dokument. Lenkjer kan vera ein måte å gjera elevane merksame på at det fins andre program enn dei som er i den læringsplattforma dei er ein del av. Truleg vil mange elevar finna desse programma meir interessante enn dei som er i plattforma, og bruka den type program som passar best for kvar einskild og den oppgåva som skal løysast. Dersom det ikkje ligg føringar frå læraren kan dei fritt bestemma om dei skal arbeida åleine eller saman med nokon.
Om arbeidet skal tilretteleggast innanfor eller utanfor læringsplattforma må bli eit val for lærarar og elevar. Det er føremoner og ulemper med begge. Når arbeidet er organisert innanfor læringsplattforma kan det gje læraren eit overblikk både over aktivitetar og resultat, som begge er grunnlag for vurdering. Men læringsplattforma er elevane ein del av berre så lenge dei er i utdanningssystemet, seinare må dei finna andre verktøy. Ved å kjenna til bruken av andre verktøy, og helst ha prøvd dei ut i praksis, vil dei vera betre rusta for framtida. Elevane vil ha nytte av å kjenna til flest mogleg verktøy. Dei vil sjølv finna ut korleis dei kan brukast og til kva.
Når det gjeld lærarane så mistenkjer eg dei, kanskje med urette, for å vera mindre prøvande enn elevane. Strategien for læring for lærarar må verta den same som i klasserommet, å læra av kvarandre. I tillegg til å læra av elevane så må lærarane læra av kvarandre. Også blant lærarane vil det vonleg vera nokre som er nyfikne på desse verktøya, og ivrige etter å ta dei i bruk med elevane. Ein strategi i planen vår som vert viktig i samband med innføring av den digitale skulen, er å utvikla og dela fagstoff. Desse verktøya vil vera glimrande til det føremålet. Det vert ein utfordring å få lærarane til å sjå det.
Kjelder:
Dalsgaard, Christian 2006: Social software: E-learning beyond learning management systems.
Oppgåve 1
april 24, 2007
Diskusjonsgrunnlag:
Enterprise 2.0: The Dawn of Emergent Collaboration (McAfee 2006).
Problemstilling:
Vil lærarane vakna i tide til å vera med på det verkelege kunnskapsløftet?
Korleis få i gang aktivitet på ei web2.0-plattform?
Om den digitale skulen skal bli eit faktum, må lærarane vekkjast. Tradisjonell kursing vil ikkje nytta. Lærarane må oppleva at dette (blogs, wikies o.l.) er tenlege verktøy og ein ny veg til kunnskap. Men kva vil ”tenna” dei? Som McAfee skriv: “You have to give people a starting point…”.
Skulen vår har nautikk, maritime fag, fiskeri og havbruk som sine ”flaggfag”. Vi er opptekne av at det skulen viser omverda som har med desse utdanningane å gjera, skal ha høg kvalitet ikkje minst med tanke på rekruttering og samarbeid med næringane.
- Ein kanal rett ut til skulen sine interessentar kan vera ein interessant innfallsvinkel
Ein aprilspøk frå nokre år attende laga oppstuss på skulen vår. Midt i ein diskusjon om korleis arbeidstida skulle vera, vart det levert ut ei melding om at leiinga hadde teke avgjerd, og om nokon ville ha særordningar måtte dei stilla på rektor sitt kontor på eit bestemt tidspunkt. Nokre fekk seg ei overrasking ved døra til rektor sitt kontor.
- Provokasjon kan vera ein innfallsvinkel
Arbeidet med IKT-strategiplanen burde vore eit ”heitt” tema. Det har det ikkje vore – så langt.
Kjelde:
McAfee, Andrew. 2006. Enterprise 2.0: The Dawn of Emergent Collaboration. I Sloan Management Review. Spring 2006. Vol 47. Nr 3.
Stø kurs…
desember 14, 2006
Fiskarfagskulen sitt motto ”Stø kurs mot nye horisontar” fekk ein ny dimensjon på dette kurset. Vi lyt løfta blikket endå høgare. Viktig at vi ikkje vert kvelte av kvardagslege gjeremål før vi får nytta oss av inspirasjonen som no omgir oss.